Gnist startar opp trening for deg som har lyst å komme i form etter fødselen. Treninga inneheld både ein kondisjonssdel og styrkedel. Babyen er med på treninga, og er aktivt med på styrkedelen. Under kondisjonsbiten kan babyen ligge på matte eller bevege seg rundt. Det er rom for å stoppe opp og amme undervegs dersom det er behov for det. Du vert trygt rettleia gjennom treninga av oss som er fysioterapeutar.
Du kan begynne på trening hos oss frå babyen er 6 veker, og så lenge du ynskjer fram til babyen er ca 1 år.
Treninga er gratis for Spenst Førde sine medlemmar, men er også for deg som ikkje er medlem. Du må då betale ein liten sum for å delta.
Kom og bli med kvar tysdag kl 10.30- 11.30!!!
Marit og Elise